Kveldstur ved Kalberg (1330)

Fellestur

Dato
27. november kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Hverdag
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turkode
1330

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, kor det er mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsånå, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der det vart lagt opp til fabrikkmessig drift. I dag er den opphavelege smia eit museum.

Frå Smiå går turen til Stemmen. Turen går vidare forbi nye Kvernaland omsorgssenter og på gong- og sykkelvegar i byggjefelt før ein kjem til Kalbergskogen.

Ute av skogen kryssar ein Skogsvegen og tek Elvebakken ned mot Theodor Dahls veg. På veg tilbake til Smiå går ein forbi Kvernaland sentrum med butikkar og ein flott aktivitetspark med treningsapparat, skatepark, sandvolleyballbane og leikeplass.

Oppmøte:
Smia i Kverneland sentrum kl 17.30.

Turleiar:
Siri Kverneland

Utstyr:
Hodelykt og refleksvest.

Denne turen er ein av nærturane på Jæren som går den siste onsdagen i månaden, i samarbeid mellom Jæren Turlag, Time kommune, Hå og Klepp kommune.

Kontaktinformasjon: