Bjødnabu - Pundsnes, Hjelmeland (1210)

Fellestur

Dato
16. juni kl. 12:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur,
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1210
Dette arrangementet er over!

Fin tur i lågheia frå Bjødnabu og ned til Hjelmeland sentrum

Bjødnabu ligg på 450 m.o.h. og er eit flott turområde som blir brukt både sommar og vinter. Kommunen har saman med idrettslaget Hjelm opparbeida lysløype for vinterbruk og Hjelmeland Turlag har gapahuk her.

Me føl den gamle driftavegen frå Bjørnabu og me går ned til Pundsnes. 

Driftevegen er framleis i bruk. Stien har fleire vegdele undervegs med stiar til Måmyra, Geisfjell, Byrkja og Tuntland. Den merka løypa går frå Bjødnabu gjennom skogsterreng og myrer; me startar langs Furevatnet, forbi Fiskeløys og Valavatnet, over Tuntlandshøgeheia, forbi Raunstølvatnet og Middagsknuten, oppom Sandsåsen, og ned til Pundsnes i enden av kommunalt industriområde. 

Løype: Merka løype Bjødnabu - Pundsnes ca 9 km. 4-5 timers tur.

Oppmøte v bensinstasjonen Tappen, Hjelmeland kl 12.00. Samkøyring til friluftsområdet Bjødnabu.

Lokalkjent Paul Øvrehus.

 

Bjødnabu - Pundsnes, Hjelmeland (1210)

Fin tur i lågheia frå Bjødnabu og ned til Hjelmeland sentrum Bjødnabu ligg på 450 m.o.h. og er eit flott turområde som blir brukt både sommar og vinter. Kommunen har saman ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Paul Øvrehus