Sandtangen-Re - nærtur på Jæren (1326)

Fellestur

Dato
7. april kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Kveldstur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1326
Dette arrangementet er over!

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia, det første byggjefeltet på Bryne (frå 1950). Turen fortset over Brynehaugen, forbi eit av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar. Turen går så forbi Bryne Mølle (frå 1929), handlesenteret M44 og vidare langs Roslandsåna, kor det fins både laks og sjøaure. Ein kjem så til Refeltet, ut på Grødalandsvegen og etterkvart Kringlemyra. Turen går no forbi Bryne ungdomsskule, ein runde i parken Geitahodne og ut igjen til Ole Tjøttas veg, oppkalla etter den dyktige, men ulukkelege målaren. På vegen vidare er vi innom Mølledammen, langs Bryneåna og tilbake til Sandtangen. Turen er 8 km.

  • Oppmøte
    Sandtangen, ved inngang/bru kl 17:30 
     
  • Turleiar 
    Sigvald Frøyland, mob. 975 10 305
    Terje Haugland
     
  • Påmelding
    På grunn av smittevern og nye anbefalingar per 28.03. må vi avgrensa gruppestorleiken til maks 20 deltakarar og vi krev påmelding for å delta. Vi følgjer STFs smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet, du kan lese meir om denne
    her.

 

  • Arrangør 
    Jæren Turlag og Bryne Vel

 

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

 

Sandtangen-Re - nærtur på Jæren (1326)

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia, ...

Kontaktinformasjon:

  • Sigvald Frøyland
  • Tlf. 975 10 305

Turleder:

  • Terje Haugland