Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje. På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. Theodor Dahl kalla Frøylandsvatnet for ”Jærens eigen Genesarets sjø”, men Torvald Tu sa det var ”Guds venleiksauge mellom Klepp og Time”. Ved Frøylandvatnet svømmer toppand, stokkand, sothøne og den flotte brunnakkeanda. Turen går gjennom byggefelt og industriområde på Orstad og Frøyland og vi kjem også til Engelsvågen og Steintangen, to husmannsplasser ved vatnet.
NB! Nytt 4/2-2021:"Nasjonale tiltak seier at det ikkje skal samlast personar frå ulike kommunar. Turane er difor i ein tidsavgrensa periode berre opne for personar busatt i same kommune. Denne turen er forbeholdt deltakarar frå Klepp kommune. Me beklager dette på det sterkaste og håper me snart kan få invitera alle med på tur igjen.
- og håper at mange frå Klepp kommune vil vera med på akkurat denne turen.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.
Foto: Torgunn Skrudland