Turen startar ved Storstova med gode parkeringshøve og går vidare bak Time rådhus, som vart bygd på ei utfylling i Frøylandsvatnet i 1964. Turen forset vidare mot Nyland og Ungdomsskogen, forbi det store bustadområdet Eivindholen og rundt Eividholtjørn og tilbake til Time rådhus.
Påmelding
På grunn av smittevern må vi avgrensa gruppestorleiken til maks 20 deltakarar og vi krev påmelding for å delta. Vi følgjer STFs smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet, du kan lese meir om denne her.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.
Foto: Ann Kristin Kro