Geisfjell - Ingvaldstadfjellet - NB! litt endra trase i forhold til tidlegare annonsert

Fellestur

Dato
15. september kl. 17:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Utsikt, Kulturlandskap
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! Litt endra trase i forhold til først planlagt.

Oppmøte ved innkjørsla til skytebanen på Ingvaldstad kl 17.00, Avkjørsla til skytebanen er frå på RV 13 på toppen mellom Fisterkrysset og Hjelmeland. Me samordnar oss i bilar, set nokon bilar att her og køyrer til parkeringsplassen på Geisfjell.

Gåturen startar frå parkeringsplassen på Geisfjell. Geisfjell er ein gard som ligg høgt og fritt ca 400 moh. Me føl traktovegen oppover til eit dyrkingsfelt, går i sørleg kant av det, tek vidare vestover på sti opp på Ingvaldstadfjellet som er meir snauhei. Me går framom koden til Kodejakta2020 på Ingvaldstadfjellet. Tek ein rast her, og går ned i nordre kant av fjellet til RV13 der me har parkert nokon bilar ved innkjørsla til skytebanen. Så må ein organisere henting av bilar på Geisfjell.

Dersom du ønskjer det så tek du med mat og drikke til rasten. Me reknar ca 2 timar gangtid inkl pause. Tid til køyring kjem i tillegg.

Her er nokre våte/myrete parti, det er ein fordel å sko seg deretter.

Pga smittevernreglar i høve Covid-19 må me ha påmelding til turen. Dersom her er plass, kan du melda deg på heilt fram til turstart. Bruk helst påmeldingsknappen her på denne sida. Ellers kan du ta kontakt med turleiar pr telefon, eller Hjelmeland Turlag på e-post.
Ellers føl me gjeldande smittevernreglar med avstand, alle har med eigen mat og utstyr mm.

Geisfjell - Ingvaldstadfjellet - NB! litt endra trase i forhold til tidlegare annonsert

NB! Litt endra trase i forhold til først planlagt. Oppmøte ved innkjørsla til skytebanen på Ingvaldstad kl 17.00, Avkjørsla til skytebanen er frå på RV 13 på toppen mellom Fisterkrysset ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elisabeth Hausken Nessa
  • Paul Øvrehus