Ytre Eiane - Røssenibben - Nesvik

Fellestur

Dato
13. september kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kupert Terreng, Bratt, Fjordutsikt, Stigning
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)

Jøsenfjorden ut :  I løpet av to dagar kan du bli med på vandring Jøsenfjorden ut. Du kan bli begge dagane, eller berre ein.

Andre etappe søndag 13.sept : Ytre Eiane - Røssenibben - Nesvik  

Oppmøte Nesvik ferjekai for samordning av bilar kl 09.45 - tilpassa ferje frå Hjelmeland kl 09.30.  Kjøring inn til Ytre Eiane.
Turen startar frå  Ytre Eiane ca kl 10.00

Garden Ytre Eiane ligg fint og solrikt ved Jøsenfjorden (omtrent midtvegs i fjorden)
Me går forbi tunet og opp ein bratt skogsveg oppover langsmed Storåsen, før traseen går over i bratt skogsti i høgreist furuskog.
Terrenget stig svært bratt på her, og det er tung stigning opp mot Eiastølen, som ligg ca 400 moh. Det er merka sti opp hit, men ulendt terreng.
Vidare går turen i umerka, litt kronglete terreng: over myrar og tettgrodd skog, følgjer "hjortastiar" vestover forbi Lyngstøl .
Terrenget stig igjen på , og ein passerar fine myrar og opne furukledde bergpartier.  Bratt stigning oppover mot stien til Røssenibben.
Litt over 600 høydemeter oppe, møter me på merka tursti til Røssenibben.
Her kan me velje å gå turen oppom Røssenibben 716 moh, eller kun gå vidare vestover (vær og tidsbruk avgjer)

Turen går vidar vestover i flott og ope landskap, med flotte utsiktar både innover og utover fjorden, forbi ytre Røssenibbheia, og nedover mot Bastlid.
På ca høgdkote 300 moh møter ein på skogsveg, og følgjer denne ca 1,5 km nedover Bastlid-dalen til Bastlid. I Bastlid er me nesten nede ved fjordnivå igjen. Men frå Bastlid stig terrenget på igjen vidare vestover, opp mot ca høgdekote 100, og ein følgjer merka turstiløype utover mot Nesvik ca 4 km.

Turen er relativt hard: over 10 km med ein god del høydeskilnad opp og ned + delvis ulendt/kronglete og stadvis bratt terreng utan tydeleg sti.
Passer for turvandte og folk med relativt god form, og som likar å gå i ulendt terreng.
Vanskeleg å anslå tidsbruk på turen eksakt, men ein må rekne med at heile dagen går.

Ta med godt med mat og drikke, gode sko og gode klær etter værforholda.

Turen har værførehald.

Ytre Eiane - Røssenibben - Nesvik

Jøsenfjorden ut :  I løpet av to dagar kan du bli med på vandring Jøsenfjorden ut. Du kan bli begge dagane, eller berre ein. Andre etappe søndag 13.sept : Ytre Eiane - ...

Kontaktinformasjon: