Verdalsrunden - nærtur på Jæren (1320)

Fellestur

Dato
27. mai 2020 kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sommer, Nærtur, Strand, 52 Hverdagsturer, Bading, Nærtur, Jæren, Kvernevikturen
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1320

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.

Parkering i området ved Bore skule. Turen går så ned til turstien og vidare langs Figgjoelva som renn frå Ålgård til Borestranda. Her ligg og Borekyrkja. Etter mykje strid om kor kyrkja skulle står vart ho bygd på garden Hole i 1891. Turen går deretter gjennom bustadfelt som er utskild frå Boregardane. Lenger oppe er Kleppegardane som har avgitt jord til bustadhus og industri. Utbygging i Boremarka starta på 1950-talet.

Turen går forbi Grudavatnet som blei verna som naturreservat i 1974 med bakgrunn i det rike fuglelivet. Vatnet er særleg ein viktig lokalitet for rastande og overvintrande fugl. Laksefiske til eige bruk og sal var tidlegare ei inntektskjelde for gardane på Gruda. Også hest og travløp hadde også mange tilhengarar på Gruda. Frå Gruda går turen tilbake over Grudavarden og bustadområdet i Verdalen. 

Oppmøte:
Bore barneskule kl. 17:30 

Turleiar: 
Sigve Bore, mob. 480 66 581

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

Verdalsrunden - nærtur på Jæren (1320)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren. Parkering i området ved Bore skule. Turen går så ned til turstien og vidare langs Figgjoelva som renn frå Ålgård til Borestranda. ...

Kontaktinformasjon: